|
Sv: Januarskravletråden til 30+
Eg har spist omtrent som vanleg heile jula, så der er det ingen problem, men kroppen er sliten på grunn av stress. Prata med min bror i går på telefonen og det virka som om han ikkje heilt forstod kva eg hadde å vere stressa for. Det er kanskje rart at folk som ikkje har jobb er stressa?
Fint at du har fått time så raskt da christine, her i Molde har det vore fleire månaders ventetid til Familievernkontoret! Vi var heldige likevel og fikk tilnærma "øyeblikkeleg hjelp", men så var det også ganske dramatisk dei gongane vi trong å kome inn. Håpar de klarer å finne ut av problema dykkar! 
__________________

|