|
Sv: Desemberskravletråden
Opprinnelig lagt inn av StineH, her.
Jeg sliter litt med det motsatte... -,-
Jeg står opp rundt klokken 6 hver dag, så jeg er trøtt allerede klokken 9 om kveldene..
Ja eg må jo for ordens skuld innrømme dét at eg sjeldan er oppe så lenge som til ni på kvelden LOL.
VOF kom i posten i går, og der står det oppskrifter på julegodis. Så no har eg så mykje snask å velje mellom med oppskrifter både der, på bloggar og her på forumet at eg må begynne å luke ut noko for det er jo grenser for kor mykje ein kan lage!
Min bane er sjokoladen. Eg skal ikkje kjøpe konfekt i år, for om han ikkje er i hus kan eg heller ikkje ete han. (Ungane kan vel få noko julestrømpeaktig fylt med sånt som eg ikkje liker - ikkje at eg plar stjele frå dei altså )
Men så var det nøttekakene da. Min store svakhet etter sjokkis. Kransekake og nøttekaker høyrer jula til for meg, og det kan ein lage på "lovleg" vis... men å klare å ikkje overspise på dei? Det vil jo vise seg. Skal i alle fall ikkje lage snop og kaker i god tid. 
__________________

|