|
Sv: "Jeg lurer på"-tråd, forhåpentlig med enkle, korte svar
Eg synest det er like ille med sms-språk som folk brukar på "offisielle" skriverier. Då får eg hetta. Men eg legg også merke til orddelingsfeil og skrivefeil. Eg prøver å halde meg til ein relativt avslappa nynorsk. Eg kunne ha byrja å skrive korkje og hjå og liknande, men det skal eg la vere. Vi har jo to skriftsspråk, det er jo greit å bruke eit av dei, eller ei slags blanding. Dialekt er finfint, men til munnleg bruk genrelt. Eg skriv gjerne dialekt om eg skriv mail til venninna mi eller systera mi, men aldri på noko offentleg.
Har sett minst 2 snodige skrivefeil/dialektbruk i dag. Var ute og handla litt på heimstaden min før eg reiser ned igjen i morgon.
|