|
Sv: Presentasjonstråd for oss som følger Dr. Lindbergs kostholdsfilosofi
Hei!
Eg er 35, gift med ein flott mann, og har tre små guttar.
Etter graviditetane, som kom tett i tett, hadde eg minst 11 kg for mykje!
Noko fekk eg av ved å følge Grete Rode sin metode på eiga hand.
2 kg gjekk på igjen i sommarferien. Så minst 7 kg for mykje å bli kvitt.
I min heimkommune har dei byrja med eit EU prosjekt, der ei dame som jobbar på legekontoret, plukkar ut dei som treng det, og gir dei info om lavkarbo, følger dei opp osv. I heile kommunen, som er ganske liten, har dei nå slanka vekk 1 tonn. Ved å sjå folk som heile sitt liv har vore overvektige bli slanke, vart eg motivert for å prøve sjølv.
Eg har nå 4 kg mindre å drasse på etter snart 5 veker på lavkarbo.
Eg tenker Lindberg er den retningen som lettast kan være med meg resten av livet, og som også kan virke for resten av familien(på sikt).
|