|
Sv: Dårlig vektoppgang hos ettåring
Eg syns også det virkar som jenta di et både sunt og godt!
Barn er så utruleg ulike i størrelse og fasong, at så lenge ho virkar frisk og rask, ville eg ikkje ha bekymra meg.
Du kan også sjå litt på kva gener ho har å arve på. Nokre venner av oss er litt låge begge to, dei har to guttar som nok har fulgt dei vanlege kurvene, men jenta deira er lita for alderen.(2,5 år og bruker str 86) Likevel er ho full av energi og glimt i auga, så ingenting å seie på det.
Den eine nevøen min på 3 år, er nesten like tung som min 7 åring. Men begge er friske og raske.
Her i huset har eg på agendaen å få meir proteiner og fett i kosten til guttegjengen.
|