|
Sv: Karamellisering med Sukrin?
Fruktose gir ganske lite og langsom stigning i blodsukkeret i forhold til vanleg sukker, med ein GI på 22. Det er jo 100% reint karbohydrat, så på ein ketogen kost der reint karbohydrat-tal spelar ei rolle så får ein vel vurdere kor strikt ein vil vere, men i alle fall dersom ein tenker mest på blodsukkerstigning så kan det godt gå an på juledagen, meiner no eg.
Oppskrifta på Fedon Lindberg sin karamellpudding bruker 50 g fruktose til å glasere forma og 100g fruktose til puddingblandinga. Når eg lagar vanleg karamellpudding bruker eg sukker kun til å glasere forma og ingenting i egge/mjølkeblandinga (eller om det berre er nokre teskjeier, det hugsar eg ikkje i farta), så alt sukkeret som blir i puddingen er det som trekk seg inn gjennom glaseringa (det meste av sausen kan ein jo velje å la ligge). Fruktose karamelliserer på ca 100° så det blir fortare brunt, bruk litt mindre varme på panna så det ikkje blir brent.
__________________

|