|
Sv: Kjærlighet og forhold ; hvordan få det livsvarig?
No er ikkje akkurat eg noko veteran, eg er nitten år, gifta meg i
sommar med han som eg skal vere saman med resten av livet.
Berre det trur eg er ein nøkkel - å stadig arbeide for at det faktisk skal vere
livsvarig, at ein ikkje forventar at ein veks frå kvarandre, men at ein veks
inn i kvarandre.
Men før me gifta oss, snakka me med mange par, både unge som oss og
gamle som for lengst har passert pensjonsalderen.
Og det som går igjen hjå mange av dei me har prata med, men som me
og ser sjølve, er at det å elske ein anna person er ikkje ei kjensle.
I kvardagen er det eit val, og det er eit val ein tek kvar dag.
Om ikkje ein svever på skyer og er så forelska at ein besvimar snart,
så kan ein framleis velge å elske ektemaken sin.
Det å elske kjem ofte til uttrykk ved respekt hjå motparten sin,
og det å faktisk ta omsyn til ektemakens kjensler og behov,
at ein ikkje alltid tek den sure og negative tonen, men bit det i seg.
Det høyres gjerne ut som ein guide for koner på femtitalet,
men eg hadde iallfall sett pris på det eg nemnte ovanfor.
Samstundes trur eg kos og gode ord er uhyre viktig, at ein kvar dag
faktisk fortel kvarandre kor glad ein er i kvarandre, at ein kjærteiknar
kvarandre, kysser, klemmer, ja, i grunn det ein set pris på.
Eg anbefalar deg, og alle andre som faktisk vil invistere noko litt
meir enn luft og varme kjensler i forholdet sitt å lese boka med
namn "Kjærlighetens fem språk" av Gary Chapman, og i grunn alle dei
andre ekteskapsbøkene han har skrive. Der finn ein tips om ein berre
er kjærastar eller godt gift. Og slik som han og nevner, er det ikkje
til å stikke under ein stol at eit ekteskap som har Gud involvert er sterkare.
Eg har sjølv opplevd at han knytt ein saman på ein måte som menneskeleg samtale og berøring ikkje heilt får til.
|