|
Ville du kjøpt Lavkarbo ferdigmiddager?
Hei
Eg har ein far som er kokk, han driv eit stort kjøkken på vestlandet.
Tidlegare leverte han mat til kommunen (sykehjem, rehabben osv)
Det blei det slutt på. Nå produserar han i mindre skala (flymat) i tillegg til vanleg catering.
Produksjonsutstyret står i ro utan full kapasitet.
Og han har lyst å utvida verksemda.
Tingen er;
Eg har lyst å foreslå for han å prøva å tena litt på nisjen med lavkarbo. Kanskje få ein avtale med ein matvarebutikk i bergen/hordaland.
Då ville det vore mat pakka i vakumposer (sous vide) ala nordlands, eller i plastikkformer, ala flymat. Mat i standard lavkarbo format (han er kokk, så dette burde gå bra.)
Er dette noko folk faktisk er villige til å kjøpa? Det ville jo sjølvsagt ikkje blitt så ekstremt billeg, mtp lav etterspørsel sikkert. Kor mykje ville du vore villeg til å betala for eit 400-500g lavkarbo kvalitetsmåltid? Er det folk her i f.eks. bergen/sunnhordland som trur at dette er noko dei kunne kjøpt?
Takkar for alle tips og nyttig kritikk 
__________________

|