Vis enkelt innlegg
Gammel 04-11-10, 12:45   #318
Zillah
Seniormedlem
 
Zillah sin avatar
 
Medlem siden: May 2010
Hvor: sånn omtrent 62°47'7.85"N 7°31'26.92"Ø
Innlegg: 1.365
Zillah er veldig godt liktZillah er veldig godt liktZillah er veldig godt liktZillah er veldig godt liktZillah er veldig godt liktZillah er veldig godt liktZillah er veldig godt likt

Sv: Gå ned i vekt sammen til JUL!

Takk, folkens, både for støtte og gode råd.

Har rundt 80% fett... bruker cocosa så godt som kvar dag, nokre teskjeier i alle fall. Treng det ikkje så ofte for å auke fettprosenten, det er mest for sjølve feitt-typen sin del eg tar det. Ketosen er vedlikehaldt, har så vidt eg veit aldri gått over. Veier sporadisk og får aldri nokre "aha"-opplevingar der, det er stort sett som eg trur i mål og vekt. Bruker varierte grønsaker (avocado, agurk, salat, kinakål, paprika, blomkål, broccoli, aubergine, squash, sopp, asparges, litt løk, minimais osv.) av noko slag til praktisk talt alle måltider kvar dag. Det meste av kh kjem frå desse, pluss litt egg. Eg spis mykje egg, men meire plommer enn kviter.

Eg har kutta mjølkeprodukt (unntatt kvitost) og nøtter også i det siste fordi der er det jo lett å "slingre litt". La tomatene til side. Har droppa kunstig søtning... Kaloriinntaket skal heller ikkje vere verken så rasande for lågt eller for høgt, bruker ikkje utrekning på kvart måltid kvar dag, men dei "stikkprøvene" eg har registrert for å sjekke at eg har så mykje peiling som eg trur eg har, har vore ganske bra. Eg veit ikkje kor nøyaktig InBody analyse er, men den sa at eg hadde ein BMR på 1565 kcal og eg bruker det som rettesnor til ikkje å gå for lågt i det minste. Vektklubben gav meg 1400 kcal per dag til å kose meg med...

Og sidan eg kutta kunstig søtning har eg kutta i eggemjølk-latten min også for den er ikkje god utan nokonting. Har tatt grøn te i staden, det skal jo vere så fint for forbrenninga, men berre ein stor kopp om dagen. Tar den på formiddagen. Eg har ikkje vore like flink å drikke vatn heile denne tida, men det har eg tatt opp igjen i det siste og det blir mange store glas i løpet av dagen.

Stress? Ja, men ikkje meir enn tidlegare, heller aningen mindre. Betennelser i kroppen? Ja, men det har eg jo hatt i årevis, og eg gikk jo ned i vekt tidlegare med dei same plagene. Føler eg stangar hovudet i veggen littegranne.

Om eg berre hadde sett eitt eller anna som tilsynelatande var feil - men det gjer eg ikkje. Det einaste eg ser er at eg kanskje ligg for lavt i karbohydratar, enkelte må jo høgre der enn det dei trur, men det er jo grenser for kor mykje plass ein har i magen til brokkoli... Trur de eg kan legge inn bittelittegranne linser (15 g kh/100g) i tillegg til dei vanlege grønsakene for å sjå om det kan hjelpe, prøve det og sjå kor høgt eg kan gå?

Det som frustrerer meg kanskje aller mest her, er at eg ikkje har hatt fin nedgang på kuren som plutseleg har stoppa opp. Det har tvertimot vore nesten ingen nedgang i det heile tatt heilt sidan eg begynte. (Og da veide og målte eg maten mykje meir også, men det er ingen skilnad på resultatet i alle fall.) "Oppskrifta" til ketolysekuren er jo å auke i kh til ein ikkje lenger går ned i vekt, finne toleransegrensa på den måten. Men eg har jo ikkje gått jamnt ned i vekt i det heile tatt, det er rett og slett SÅ små skilnadar frå ei veke til ei anna at eg kan like gjerne feie det vekk med tilfeldige variasjonar. Dei gongane eg har hatt eit stort hopp nedover, har det vore tilbake veka etter.

__________________

Zillah er avlogget   Min kostholdsfilosofi: Mitt ideal: jeger- og sankerlivsstil. I praksis: det eg har råd til på butikken for å overleve. Svar med sitat