|
Sv: Spiste de brød likevel??
Uansett om dei kan ha inkludert små mengdar korn i kosthaldet sitt, så er eg fullstendig overtydd om at det ikkje på nokon måte kunne ha utgjort mengdar som er i nærleiken av det ein et i dag, kvaliteten på kornet og tilberedningsmetodane var også milevidt frå dagens. Måten å tilberede kornet på også etter landbruket oppstod, var jo svært forskjellig frå i dag, berre for nokre hundre år sidan.
Og dei kan tru kva dei vil om kake, men "kake" i steinalderforstand var neppe butikk-kake anno 2010 full av sukker, kunstig smak og konserveringsmidlar. Vi er alle bundne av det språket vi bruker og dei begrepa vi har uansett om det vi bruker det om kan skilje svært frå kvarandre i ulike samanhengar. Og så blir jo konklusjonane deretter.
__________________

|