|
Sv: Husk å se på TV Debatten 21:30 i morgen!
Christian Drevon sa vel i eit slikt VG nettmøte her tidlegare i haust, at sult var ein uunngåeleg følge av å gå ned i vekt... Det liksom berre må vere slik... 
I tillegg trur eg det ligg ein del av det gamle pietistiske i oss, ubevisst. Skal ikkje fråtse. Og ettersom alle veit at ein er feit fordi ein fråtsar (andre forklaringsmodellar kræsjar med verdsbiletet, sånn må det berre vere, ja det veit alle)... Det skal vere litt vondt for syndarar som vender tilbake til den smale sti. Det må pinsler og oppofringar til.
__________________

|