|
Sv: Hva har dere gjort med klærne etterhvert som dere går ned i vekt ?
Har samla på altfor mykje kle, altfor lenge. Fordi eg tidlegare har vore litt opp og ned i vekt, så har eg hatt litt diverse liggande. No er eg fast på lavkarbo, og eg skal IKKJE tilbake på høgkarbovogna igjen, så no har eg rydda ut og kasta det som var slite og/eller stygt, og gitt vekk ein masse, til ala UFF (kleskontainer). Trur eg har gitt vekk 5-6 store posar til no. Og kanskje like mykje har gått i søpla. Ei veldig befriande kjensle! Men litt skummelt også, eg er ikkje flink til å kaste ting. Eg har ikkje problem med at andre skulle gå i klea eg har brukt, Belgia er såpass fullt av folk at eg ikkje trur eg ser att nokon av tinga.
Eg skal ALDRI tilbake der eg var på mitt største. Det er 13kg sidan, og eg skal meir ned, samme kor tregt det går, eller kor lang tid det tek.
|