Lørdag Stod opp seint idag. Deilig å ligge i senga og berre nyte morgonen. Veslejenta kraup oppi senga til oss, og ville også kose. Så kom katten og hunden. Tilslutt vart det så trangt om plassen at det var berre til å stå opp. Idag har me fått opp både internett og parabol. Veldig stolte av oss sjølv her, for me monterte det sjølv uten eksperthjelp Prøvde fløytegrauten e fant her inne, til lunsj idag. Me e eigentlig ein grautfamilie, så det var stor stas når e begynte på grauten. Mann og veslejenta stod spent og snusa ut i lufta. Syns nok det lukta godt. Til slutt kom grautkjelen på bordet, og mannens glede vart stor da han oppdaga at det nesten smakte rømmegraut. "Dette er den nye lørdagsgrauten vår" erklærte han høgtidlig. Ikveld blir me aleine Eldstejenta er hjå ei venninne og veslejenta skal være hjå mormor. Ikkje ofte mannen min og e fer væra aleine, så me gleda uss Har handla inn til biffsnadder a'la lavkarbo, og litt rødvin, så her skal nok kvelden bli fin Ønsker alle ein fin lørdagskveld