Vis enkelt innlegg
Gammel 21-09-10, 19:33   #137
Zillah
Seniormedlem
 
Zillah sin avatar
 
Medlem siden: May 2010
Hvor: sånn omtrent 62°47'7.85"N 7°31'26.92"Ø
Innlegg: 1.365
Zillah er veldig godt liktZillah er veldig godt liktZillah er veldig godt liktZillah er veldig godt liktZillah er veldig godt liktZillah er veldig godt liktZillah er veldig godt likt

Sv: Septemberskravletråden for 30+

September... Månaden går mot slutten og no merker eg godt at det er haust.

Haustfargar i naturen er fint. Men det hadde vore finare om vi også hadde hatt den deilige klare lufta som er så spesiell på solskinnsdagar på denne tida av året. Ikkje mykje solskinn ute og går no om dagen, dessverre. Regn, gråver, og altfor lite sol.

Er det andre som plages av kortare dagar og mindre dagslys? Eg merker ikkje så mykje på humøret (enda) - heldigvis. Og det store sjokoladesuget har heller ikkje satt inn. Eg håpar at eg skal slippe unna den fella i år, no som eg følger ein ketogen diett. Sjokoladen tok knekken på meg i fjor, september til mars var tung (og eg blei også 8 kilo tyngre ). Denne vinteren må bli annleis - eg ikkje berre håpar men trur at dietten er eit godt våpen mot sjokoladen. Har iallfall ikkje lyst på det enda

Men eg er trøtt frå eg står opp om morgonen til eg legg meg om kvelden, og det er tungt nok å halde seg på beina til ungane er i seng...

Korleis er den mørke årstida for de andre i 30+ gjengen?

__________________

Zillah er avlogget   Min kostholdsfilosofi: Mitt ideal: jeger- og sankerlivsstil. I praksis: det eg har råd til på butikken for å overleve. Svar med sitat