|
Sv: Kutte ut shampoo
Dette var spennande å prøve. Vil vere deilig å bli fri frå shampoo og balsam dersom det funkar på lang sikt!
Eg vaska med bakepulver og skylte m eplesidereddik (m nokre dråpar lavendelolje i fordi lavendel er noko av det beste i heile verda) og er forbausa over at håret kjennes like reint ut som vanleg. Eg hadde liksom trudd det skulle bli litt "rart". Det blei ikkje umogleg å kamme gjennom heller sjølv om eg ikkje hadde eit tonn balsam i - slik det normalt ville blitt etter shampoovask. (Ein ondsinna konspirasjon frå shampooprodusentane for å få oss til å kjøpe meir produkt! Hah! I'm on to them now!)
Men du store min, eg var ikkje førebudd på at det skulle svi slik da eg hadde i bakepulverløysninga Eg brukte to spiseskjeier til to koppar vatn jfr basisoppskrift på instructables.com som Licota linka i 1. post. Men det er kanskje logisk at det skal kjennes litt når alt grumset oppe i hovudbotnen løyser seg opp på 1-2-3, det er jo ei basisk løysning trass alt?
Har ingen større kløe i dag enn det eg vanlegvis har, vi får sjå korleis det utviklar seg. Så langt alt vel i kråkereiret mitt.
__________________

|