Eg vaska som sagt håret mitt med dermica sin balsam frå apoteket på torsdag (då eg vart frelst og kasta ALT av shampoo og balsam i søpla) og det er framleis "tørt" og fint Med "tørt" meiner eg at det ikkje er tungt og litt feitt i hovudbotnen som det normalt er etter to dagar. Særskild med tanke på at eg har svetta godt dei ssite dagane pga pakking og slik...! Eg er særdeles nøgd! Einaste eg kjenner er annaleis utanom at det ikkje er feitt og tungt, er at eg klør litt i hovudbotnen... Men frå det eg har lest er dette normalt i oppstarten, og det er langtifrå plagsomt Jippiiii! Eg gjorde det på dette viset: Tok ein god dæsj balsam og gnei inn i alt håret og godt i hovudbotnen. Skola godt ut! (Dermica-balsamen var ikkje så glatt som andre balsamar, så det tek nok ei stund før eg venner meg til den!) Då håret framleis var dryppande vått, knepte eg i litt jojobaolje til slutt, og tørka deretter håret som vanleg. Funka ypparleg! Men framover skal eg vaska med bakepulver, ha balsam i tuppane (blanda med jojoba). Herlig! Lukke til nellie og Licota og andre (som eg ikkje hugsar namnet på i farten) som òg droppar shampooen! Trur det er håret vel unt å ikkje ha kjemikalier i det