Vis enkelt innlegg
Gammel 10-08-10, 11:15   #34
Konkelimonke
Seniormedlem
 
Konkelimonke sin avatar
 
Medlem siden: Jan 2007
Hvor: hordaland
Innlegg: 503
Konkelimonke er ny på veien

Sv: Den store håndarbeidstråden!

Så trivelig!
Kjekt å lesa om andre som òg strikkar og heklar og gjer slike "bestemorting"! Ja, for eg kallar det "bestemorting" då eg har lært å hekla av mi bestemor då eg var 4-5år Så eg har vore aktiv på heklenåla sia då kan ein sei

Utover det har eg gått på kunstskule heile min barndom, gjekk på kunstrelatert line på vidaregåande og kunstline på folkehøgskulen. Min største draum er å ta bachelor i kunst på kunsthøgskulen, men då eg vart mamma måtte eg tenkja yrkesretta... så då vart det noko innan helse- og sosial... men eg har enno kunstdraumen

Eg teiknar, målar, elskar trykk (lenolium og kolnålsradering), keramikk er toppers.. ja omlag ALT! Har fått sansen for tredreiing i det siste, og siklar på å kjøpa meg ei dreiemaskin.... hihi Utover det lagar eg sølvsmykker type kongekjede, dronningkjede og slike kjekke ting! No manglar eg berre sølv... må kjøpa meg ein kveil snart!

For tida går det i gryteklutar. Så skal eg hekla eit vognteppe til min framtidige baby - som enno ikkje er påbegynt Hehe! Gjeld å vera tidleg ute!

Ein av mine høgste draumar er å ha ei utstilling med teikningane og måleria mine! Fy søren, DET hadde vore KULT!!!!

ha ein flotters handarbeidsdag alle saman

__________________
Mamma, og livsnytar!
Startvekt 2006: 90 kg Minstevekt (motivasjon og mål): 64,2kg, 26/8-10 BMI: 24,16
Startvekt 25.12.13 79,7kg
Jobbar med somarkroppen 2014!!!
Konkelimonke er avlogget   Min kostholdsfilosofi: Eigendefinert lavkarbo ved amming! Svar med sitat