|
Sv: Kommer til å leve som nå, om jeg blir gravid!
Opprinnelig lagt inn av nellie, her.
Jeg skjønner at det leger sier ikke har stort med troverdighet her på forumet, men hvorfor skal man gå i mot lavkarboLEGER og andre lavkarboeksperters råd og være i ketose når man er gravid?
Er man kvalm og spyr opp alt og da er i ketose, så er det som kitt sier at man ikke får komme ut fra sykehuset før der ikke er noen ketoner i urina.
Det ER en forskjell på å bygge en hjerne, en lunge, et hjerte, en kropp og å holde det i gang
Klart man kan jo velge å leke med utviklinga til ungen sin, så lenge det føles bra for enselv Men godt man veit om hva ekspertene mener om det lell.
Sjølvsagt skal ein ikkje leika med utviklinga til ungen sin, det er ikkje det eg seier heller. Og eg seier ikkje at det nødvendigvis er sundt å leva på eit keotgent kosthold. Det eg seier er at eg trur me er så redde for denne ketosen og kva påverknad det skal ha på fosteret. Sjølvsagt skal ein jo, om ein kan, høyra på kva lavkarboLEGAR har å seia, men ein skal òg kjenna det litt på seg sjølv. Det er ikkje krise å vera i ketose ein dag eller to av eit svangerskap - trur EG. Og eg sjølv kjem til å halda meg unna ketose dag ut og dag inn når eg forhåpentlegvis vert gravid. Men eg kjem ikkje til å vera livredd for utvikling og slik om det skulle visa seg at eg ein gong var det.
Uansett så må det vera sunnare og betre for barnet å få næring frå eit lavkarbo kosthald (om det så skulle mot formoding verta ketosebasert frå tid til annan) enn dei døma me kan lesa om der mora har etevegring eller kastar opp heile svangerskapet.
Og når eg tenkjer meg om så kan det godt henda jentungen min vart superfeilernært då eg gjekk gravid sia eg levde på eit par eple og skummamjølk. (men det var ho då altså ikkje...)
Anyway, poenget mitt var, og er, at ein skal gjera og eta det ein kjenner seg bekvem med for seg sjølv og då sjølvsagt barnet sitt. Og ikkje stressa med denne ketosen heile tida! Men dette meiner EG. Er uansett ikkje dei store endringane som skal til for at ein unngår ketosen: litt meir nøtter, litt bær, kanskje litt knekkebrød av ein eller annan type. Vips - null ketose.
Og heilt til slutt: me er alle eit resultat av ketogen kost over årtusner. Og dei einaste alvorlege skavankane me kan skilta med er livsttils-skavankar som følge av stort sett karbohydrater (for å setta ting på spissen).

|