|
Sv: Går alle opp igjen?
Trur det varierer litt... no kan eg jo sjølvsagt berre snakka på mine eigne vegne:
For to år sia hadde eg gått på ketolyse i 6-7mnd og gått ned nesten 15kilo. Deretter sklei heile greia ut og eg har levd tilnærma "normalt" i kosten, med brød, pasta, havregryn og det som høyrer med... 4kg kom på att ganske kjapt, men eg holdt meg stabil i dei to åra utan problemer igrunn. Så frå å vera 80kg til å gå ned til 66kg, for så å halda meg stabil i to år rundt 70kg, har eg no tatt fat att! Hehe!
Og no klarer eg det, for eg trur eg trong den "slankepausen" - om eg kan kalla det det.
Så, eg trur det er veldig individuelt kva ein legg opp til når ein er "ferdigslanka", men etter lang tid på lavkarbo og når ein ser dei positive effektane det har på kropp og sjel, tenkjer ein nok automatisk annaleis når ein trappar opp. Det gjer eg i alle fall. Eg kjem aldri til å gå tilbake til høgkarbo. ALDRI!
Lukke til!
|