|
Sv: Ang. de tablettene?
Eg tek ikkje noko tilskot fordi eg rett og slett får nedsatt imunforsvar av kosttilskudd, tru det eller ei!
Det fyrste halve året eg gjekk på ketolyse (for ca to år sia) tok eg ketolysetablettane kvar dag i eit halvt år. Eg var sjuk med influensa og halsbetennelse og det som verre er meir enn ein gong i mnd det halve året. Så fekk eg tips frå ei venninne som hadde hatt det på akkurat same måte, og då oppsøkte ein lege som sa ho måtte kutta ut alt av kosttilskot. Då vart ho frisk. Det samme gjorde eg, i eit desperat forsøk på å verta frisk. Og vips: ikkje meir sjukdom!
Difor tørr eg ikkje ta noko som helst kosttilskot, nettopp fordi eg trur (kan heilt sikkert vera feil, men eg vel no å tru) at tilførselen av masse ekstragreier til kroppen gjorde meg sjuk. Eg et variert og godt, så då trur eg at eg får i meg det eg treng - rett og slett. Hadde vore noko anna om eg berre levde på til dømes bacon. Då hadde det vore ein annan sak. Men sia eg et så variert som eg gjer - fisk, kjøt, kylling, ost, masse masse ulike grønsaker og salat og diverse - har eg trua på at eg får i meg akkurat det eg treng.
Eg er iallefall ikkje sjuk lenger Og det er godt nok for meg, så får den som vil eta kosttilskot. Eg held meg langt unna 
|