|
Sv: Squash- hva, hvordan??
Squash er veldig anvendeleg, då det tek opp smaken til det som du lagar den ilag med og er ganske mild og nøytral på smaken i seg sjølv. Du kan til dømes lage squash carbonara. Eg skjer det ofte opp i terningar og steiker i smør med salt, pepar og kvitløk. Du kan eventuelt ha litt fløte oppi og la dei mørne i det samtidig som fløten tjuknar.
Eg brukar ein heil squash når eg lagar lasagne i den minste stålomnsforma mi frå Ikea (26x20cm), skjer skiver langsgåande med ostehøvel.
|