Hmm.... me bruken (2voksne + 1 barn) ca 3000-4000kr i mnd på mat tenkjer eg. No har me to husstander på ein måte då, sia me har to leiligheiter me vekslar litt på å vera i (skal vera så glad den 27.august når me flyttar inn i nyehuset vårt!!!) så det vert ein del ekstrakjøp som er heilt unødvendige... Men når me får EIN husstand å forholda oss til, satsar eg på at ein plass rundt 3000kr i mnd skal fungera fint No har me det slik at vetlejenta et litt frukt og frukostblandingar og litt sånn, og gubben et av og til på jobb (får det dekka), og eg et ganske lite på lavkarbo - men fettfult og godt! Så då vert det faktisk rimlegare enn når eg ikkje et lavkarbo og ikkje eig magemål og kan stappa innpå med alt mogleg.... off... glad eg et lavkarbo altså!!! Hehe! Men, eg trur dette varierer litt for kvar enkelt. Er jo greit å unna seg litt skikkelig ferskt kjøt av og til og slik. Og nokon held seg unna "dyre" meieriprodukter som fløyte og slik.... men, så lenge ein trivst er jo det viktigast Er livet og helsa det er snakk om her