|
Sv: Tror du på engler?
Her er ei historie som eg opplevde då eg var på kurs i Klarsyn, healing og regresjon sommaren 2007..
Før eg begynner på den, må eg berre sei at pappan min døydde i ei arbeidsulykke til sjøs, 3mnd før eg vart fødd..
Vi satt og mediterte, og blei bedt om å sjå for oss ein gang, men ein trapp eller heis i enden.. Eg so gjorde, og såg for meg ein slik trapp ein vil finne i eit fyrtårn... rundt og rundt...
Vi fekk beskjed om å gå nedover den trappa, til vi kom der vi skulle.. So ønskte kursledaren oss ein fin tur... 
Eg gjekk rundt og rundt, angra på at eg valgte ei trapp eg ikkje kunne sjå botnen på... 
men plutselig stod eg i eit rom.. Dette rommet var som eit drømmerom, eg kunne ikkje sjå nokre veggar, men følte likevel at det var eit avgrensa rom..
So kom det ein plutselig bølge over meg, der eg kunne kjenne svak parfymelukt, den lukta som farmor alltid brukte.. eg spurde - farmor, er du her?
Og den følelsen eg fekk kan ikkje beskrivast, eg blei varm i heile meg, og det var som om all den kjærligheit eg nokon gang har følt for farmor blei kasta over meg på ein gang, tårene rann, og eg lo på samme gang... All glede over å vere med ho igjen, og all sorg over at ho er død, alt på ein gang...
Når eg endelig klarte å formulere eit spørsmål til ho, blei det - kva syns du om forloveden min? Og heldt på å flire meg forderva då eg fekk til svar at - Det er i allefall ein nordmann!! (Alle mine søskenbarn har funnet seg gubber fra heile verden) Eg stillte nokre fleire spørsmål også, men mest berre kjende eg på den fantastiske følelsen det var å vere med farmor igjen...
So blir eg plutselig glovarm i fanget, og er sikker på at katten min som blei påkøyrd 3 veker tidlegare ligger i fanget mitt! Han sa eg ikkje skulle bekymre meg, han hadde det fint.. 
Heilt uten forvarsel blir det lagt ei stor hand på skuldra mi... Eg kvepper og HØYRER ein mann som seier - Eg er her eg og!
I det eg skal til å snu meg, går det opp for meg at det er pappa!!! Då blir det litt for mykje av det gode, eg får litt panikk, for eg har jo aldri møtt pappa før, og ja...
Så eg sprang oppatt trappa og tellte til ti, og vakna....
Har hatt kontakt med pappa etter dette, og kan kjenne varmen fra han på mi høgre side.. Og seinast i går fekk eg teikn fra farmor om at ho er rundt meg endå... 
__________________

|