|
Sv: Hvor mange kh?
Også i ketolyse kan du ha eit større inntak enn 15 kh per dag, det er det du startar med og så justerer du opp mengda kh etter kvart som du følger kuren og testar undervegs for å sjå kor høgt tålegrensa di er.
Sitat frå "Slank med ketolysekuren", frå veke 4 og utover: "Du kan nå sannsynligvis tillate deg litt mer karbohydrater, kanskje 5-10 gram mer per dag. [...] Du kan forsøke med en økning på 5 gram per uke, inntil mengden er økt til 30-40 gram. [...] Noen vil måtte nøyes med 15 gram karbohydrat per dag for å bli i ketose, mens andre kan øke på til 30-40 gram." (s. 91)
Uansett kva du veljer så er det slik, at dersom du vil halde ein diett som gir vektnedgang gjennom ketose, så er det jo din kropp som er den ultimate sjefen over kor mange karbohydratar du kan ete for å halde deg i ketose eller ei, uansett kva retningslinjene i dietten seier. Enkelte tåler meir, andre tåler mindre, men det er lettare å sparke fettforbrenninga i gang dersom du i det minste startar med eit rimeleg lågt karbohydratnivå.
Lykke til 
__________________

|