|
Sv: For lite karbohydrater?
Hei!
Folk reagerer litt ulikt når det kjem til kor mange karbo dei får i seg kvar dag. Då eg gjekk på lavkarbo fyrste gong (for ca to år sia, holdt det gåande ei lang stund) fann eg ut at eg rett og slett vart deprimert (tru det eller ei) dei dagane eg åt under 5 karbo. Heilt utruleg! Så eg måtte auka inntaket, og då gjekk det veldig bra.
denne gongen har eg ikkje den reaksjonen, og klarer meg fint under 5 karbo om dagen. Men, eg kjenner det derimot fysisk - ved at eg vert utruleg sliten i kroppen, og då særskild ryggen...
Men, dette er jo meg! Alle reagerer ulikt! Nokon må opp i 50 karb om dagen for å føla seg bra, andre klarer å leva på tilnærma null.
Dette trur eg du fort nok finn ut av når du lærer kroppen å kjenna, og veit korleis du reagerer på den nye livsstilen
Lukke til! 
|