|
Sv: Pause?
Kva med å ikkje tenkja at du skal "hoppa av opplegget", men faktisk bruka litt energi på å tilrettelegga slik at du ikkje skeier så mykje ut?
Eg kan koma med døme:
Lag ein haug opsirools, eller noko anna brød/lapp liknande du kan ta med deg, som du enkelt kan bytta ut pølsebrødet med, eller brødet på hamburgeren eller anna med...skrap av pizzafyllet til dømes og legg på ein lapp... då kan du eta tilnærma normal frukost og "nattmat". Er jo lett å ha med seg i veska. Og om folk ser rart: alergisk mot kveitemjøl! Funkar for meg og dei sluttar å lure på kvifor eg gjer som eg gjer
Når det kjem til drikke, så er jo rein sprit med lettbrus eit alternativ. Eller den nye cideren i butikken (dei små med jordbærsmak) eit ypparleg alternativ! inneheld 0,5karb per 100...!!! Og gode er dei òg! Pluss at ein treng ikkje så mykje av slike godsaker før ein er litt på "bærtur"...
...og for å slenga på ein liten læressetning slik til slutt: det vert ikkje kjekkare enn ein gjer det til sjølv!
Nyt festivallivet! og hugs at ein ikkje nødvendigvis MÅ eta høgkarbo i slike settingar! Eg klarte meg finfint på ferie ei veke med familien som stappar innpå med høgkarbo! Nokre opsiar i veska, og det gjekk så lett som berre det!
|