Sv: For de som vurderer gastric bypass, kriterier og info
Opprinnelig lagt inn av Iset, her.
Men over det store og det hele så holder de fleste GBP-ere vekten livet ut. Tror tallet er på rundt 90-95 % mens det er motsatt for ikke-opererte (med ungangspunkt i sykelig fedme, selvsagt. Og målet for alle er ikke å bli tynne, men å ikke lenger være sykelig, farlig overvektige og få leve et normalt liv.
For nokre år sidan, i samtale med ein tidlegare behandlar, spurde han meg om eg ikkje "hadde tenkt på operasjon for min fedme". Eg vart altfor satt ut der og da til å gå djupare inn i det. Trur faktisk ikkje eg klarte å prate i det heile tatt meir den timen. Men nei, det hadde eg aldri vurdert. Og gjer det framleis ikkje.
Eg blir dog noko nedslått av statistikken som presenterast her. Må eg belage meg på at mitt vektreduksjonsprosjekt er dømt til å mislykkast, og at operasjon ein gong i framtida er det einaste som kan halde meg på beina med ei sunn vekt? At 90% er dømt til å gå opp i vekt over tid utan operasjon?
Det er jo forskremmande deprimerande og ein tanke nesten ikkje til å leve med 
__________________

|