Vis enkelt innlegg
Gammel 30-05-10, 09:45   #979
Zillah
Seniormedlem
 
Zillah sin avatar
 
Medlem siden: May 2010
Hvor: sånn omtrent 62°47'7.85"N 7°31'26.92"Ø
Innlegg: 1.365
Zillah er veldig godt liktZillah er veldig godt liktZillah er veldig godt liktZillah er veldig godt liktZillah er veldig godt liktZillah er veldig godt liktZillah er veldig godt likt

Sv: Hvem er vi? En liten presentasjon av oss med mer enn 30 kg for mye

Heia alle saman!
Kanskje på tide å presentere meg sjølv. Ikkje flink til å skrive kort så kor "liten" den blir, det får vi sjå.

Kven: Zillah, 36 år
Kva: Ufør, mor til 4
Kor: Rosenes by
Kvifor: Kvifor gå ned i vekt? For ein gongs skuld ikkje berre "bli tynn for at alt skal bli bra", for det blir det ikkje. Men eg vil gjerne at dei skal klare å bere ut kista når eg dauer. Alternativt å faktisk ikkje daue riktig enda... Det kunne også vere kjekt å få ein kropp som fungerer slik han er meint å gjere, å klare å gjere ting saman med ungane mine, finne klede i butikken, og så vidare og så vidare.
Korleis: Gikk ned fra 130 til 106 mars-november 2009 ved å starte på eit Fedon-aktig opplegg, gjorde eigentleg ikkje noko spesielt for det anna enn å kutte på brød, potet, ris o.l mens eg auka på med grønsaker og frukt med lågare GI, blei flinkare til å drikke vatn og bli bittelitt meire aktiv. Ingen veldig stor innsats, faktisk, det berre gikk av seg sjølv og eg kjente meg ganske så bra også. Men i november begynte det å gå ganske trått, og vekta gikk oppover igjen i løpet av vinterhalvåret til 114,6 kg - og det kjendes mykje verre enn da eg var 114 på veg ned! Vinteren er ei tung tid, hadde ein kunna gått i hi til dagane vart lyse og gode igjen ja da hadde eg gjort det.

Men eg prøver igjen. Som motivasjon og "gulrot" for planen min (ikkje berre slanking, men endringar på fleire område i livet) som eg jobba med frå mars i fjor til påske i år, var reise til Island. Så no jobbar eg fram mot å bli i god form til tur neste vår! Er eg ikkje i god nok form, vil eg ikkje få godt utbytte av turen, så det er berre å jobbe på Og eg lot meg lure av Vektklubb, meldte meg inn 1.mai og betalte for eitt års medlemskap ettersom dei meir eller mindre lovte at eg kunne gå ned femti kilo på eitt år. Det tok eit par dagar og det stod rimeleg klart for meg at eg overhodet ikkje trivdes med opplegget, kaloritellinga gjorde rare ting med hovudet mitt, slik det ofte gjer med folk som har levd med spiseforstyrringar i store delar av livet, nei slik vil eg ikkje ha det, verken i ein periode eller for heile livet. Lavkarbo derimot, det kjendes godt og naturleg.

Det tok veldig mykje tenking før eg bestemte meg for å prøve ketolysekur, ettersom eg eigentleg er litt "allergisk" mot "kurar". Men eg håpar det kan gi meg ein god start på vegen, så no ventar eg på startpakka i posten. Og så skal eg finne ut korleis lavkarboretning eg vil følge når eg har gått ei stund. Trivdes godt med Fedon, så vi får sjå - må jo også helst finne eit kosthald som er godt, sunt og gjennomførbart for heile familien, både vaksne og barn

Ok, der ser dykk, det vart langt.

Klem,
Zillah

__________________


Sist redigert av Zillah : 30-05-10 kl 09:50. Årsak: typo
Zillah er avlogget   Min kostholdsfilosofi: Mitt ideal: jeger- og sankerlivsstil. I praksis: det eg har råd til på butikken for å overleve. Svar med sitat