|
Sv: Kokosbrød - Bilder
Eg kjøpte også kokosmjøl no nyleg, og har googla meg fram til ei oppskrift som eg meiner må vere den same som denne. Brødet liknar veldig det du har laga i alle fall.
Det smakte på ingen måte dårleg, om enn litt uvant, men konsistensen vart litt meir kakeaktig enn brødaktig, det mangla lim på eit vis. Samstundes så synes eg det var litt tørt. Så eg trur eg skal prøve igjen med meir væske og fiberhusk i tillegg, kanskje konsistensen kan utbetrast litt. Gøy å eksperimentere!
|