|
Sv: "Jeg lurer på"-tråd, forhåpentlig med enkle, korte svar
Spørsmål til folk som tek ein del tog i Norge. Eg ser det står på NSB sine sider at ein må rekne minst 30min tid om ein skal bytte lokaltog i Norge, og 60 min på regiontog.
Eg har sikta meg inn på eit tog som kjem til Dombås 12.07 og så gå det andre toget vidare til Åndalsnes 12.15. Fins det noko slags policy på NSB å vente på det første toget? Eg ser jo det står på heimesidene at ein må legge inn ein times venting. Men på Dombås blir det jo over 6 timar til neste tog! Kva i all verda skal ein gjere på Dombås i over 6 timar på ein søndag?? Men eg veit ikkje heilt om eg torer å gamble på dei 8 minutta. Kjipt om ein misser toget. Nokon som veit?
|