|
Sv: Aprilskravletråden til 30+
Åh fine sognebunaden, Kitt! Har eit par syskenbarn og ei tante som har denne, kjempefin! Eg har også ein bunad eg har eit totalt ambivalent forhold til. Eg fekk han til konfirmasjonen, og den var då totalt feilsydd, eg hugsar at sølja berre hang og slang ned på brystet mitt ein stad! Og sydama sydde etter mål.... Eg meinar, dama var der og tok mål av meg for å lage forkleet, ho sydde det, og kom tilbake for prøving. Eg tok det på, og det ramla rett av meg og i golvet. Ho sa ho aldri hadde vore borti ein så stor konfirmant før. Utruleg at ho laga meg større enn eg var. De kan tenke dykk kor festleg det var. I fjor vår prøvde eg på meg bunaden igjen. No var den for liten i midja, eg fekk han ikkje igjen. Og han var blitt veldig kort i midja. Men i jula prøvde eg han igjen, og no fekk eg han att! HAHA! Der manglar eit par knappar og hemper, så eg fekk ikkje prøvd han skikkeleg. Men ein dag skal han passe. Det kan hende eg må sy han litt om, for han er framleis totalt feilsydd i brystpartiet på sida, rare greier.
|