Vis enkelt innlegg
Gammel 06-04-10, 12:33   #9
Øyværing
Juniormedlem
 
Medlem siden: Mar 2010
Innlegg: 10
Øyværing er på en erverdig vei

Sv: Heilt ny. Samletråd for oppstart.

Hei, Gange!

Eg påstår ikkje at eg er nokon kosthaldsekspert, men eg har halde på med dette sidan tidleg i oktober og kvitta meg med 30 kg. Eg et ikkje rar mat, er glad i god mat - og synest ting går glimrande. Har akkurat vore i barnedåp, har brote alt som heiter diett og spist fem store fat med haugar av kaker og desserter - utan å leggja på meg eitt gram. Her nokre tips som funkar for meg - prøv ut eller forkast.

1. Mjølk

Eg er glad i mjølk og mjølkeprodukt, men har etterkvart bytt ut kva eg et/drikk. Tommelfingerregel: Feitt og surt. Heller surmjølk enn søtmjølk, heller fløyte enn skummamjølk. Eg har fløyte i kaffien, til frukost et eg rein seterrømme med litt syltetøy/bær blanda med kveitekli. Eg et feite ostar (Selbu blå, fersk parmesan), gjerne med smør på.

2. Du bruker nokre veker på å omstilla kroppen. For min del minna det veldig om å slutta med tobakk: Kroppen er like innstilt på sin daglege dose med karbohydrat og insulinstigning som han blir innstilt på nikotin. Vær litt hard med deg sjølv til du merker at kroppen sin rytme når det gjeld svolt og matlyst har endra seg. Og om du merkar at du må ha noko, ha for handa noko som er feitt og utan karbohydrat, og som du synest er godt.

3. For min del la eg om måltidsmønsteret heilt - medan eg før åt kvar tredje time, et eg no til vanleg berre to gonger for dag, med eitt hovudmåltid. Her trur eg vi er ulike, og må finna vår eigen rytme. Men vær obs på at matlyst også er vane - og at mange av oss har vent oss til å eta for ofte. Du har funne din eigen rytme når du synest det funkar OK at du et når du har vorte god og svolten, og at du kan reisa deg god og mett frå matbordet.

4. Du trener mykje. Mi røynsle er at trening kan drepa apetitt. Eg får rastlaus matlyst (karbohunger) eit par timar etter at eg har ete ein god middag. Om eg tek ein skikkeleg joggetur då, er eg ikkje svolten når eg kjem heim igjen - då er eg tørst, og drikk mykje vatn (eller sitronvatn). Trening kan vera bra for fysisk velvære og for å kvela matlyst - og kan såleis bidra til vektreduksjon. Men eg trur den indirekte verknaden er viktigare enn kaloriane du forbrenn under ein joggetur.

5. Kos er viktig. Varm drikke - kaffi med fløyte, varm te eller liknande - kan vera kos utan kaloriar. Finn ut kva du trivst med, og unn deg kosestunder innimellom.

6. Når du har kutta kraftig på karbohydratar ein periode: Prøv deg fram og finn mat du likar! Smakssansen endrar seg. Du likar brød med salami? Finn deg ei god spekepølse - ikkje ferdig oppskore, men heil. Skjer tjukke skiver, og et med tomat til. Eit stykke parmesan? Jarlsbergost med røykt laks? Sei med steikt lauk og rømmesaus? Poenget er: Er du glad i god mat, bør du halda fram med det. Svært mykje god mat inneheld omtrent ikkje karbohydratar. Gå på jakt etter dei nye livrettane dine!

7. Dette dreier seg også om motivasjon. I staden for å eta ofte og billig: Et sjeldnare og betre. Gle deg til neste måltid - og nyt smaken av skikkeleg mat som ikkje er spedd ut med det daglege karboforet. Potet og ris smakar i grunnen ikkje så mykje - ei skikkeleg lammesteik er betre mat!

8. Ikkje ha det for travelt. Pressar du kroppen for mykje, slær det berre tilbake. Er du framleis svolten etter middag - et litt meir.

Lukke til!

Øyværing er avlogget   Min kostholdsfilosofi: Lavkarbo Svar med sitat