|
Sv: Klikk.no's medarbeider konkluderer med at Lavkarbo ikke virker
Joda, dette er tøvete journalistikk. Men likevel - eg trur det kan vera verdt å få ei påminning om at dette ikkje dreier seg om mirakelkurar. Sjølv er eg ikkje interessert i alt for teknisk og innforstått terminologi om kosthaldsfilosofi og liknande. Eg er interessert i biokjemien, men det dreier seg om ting som har avgrensa brukarnytte. Grunnen til at eg held på med dette er at eg er overtytt om at det destruktive samspelet mellom karbohydrat og insulin er nøkkelen til overdriven apetitt, sukkersjuke type II og fedme, og at feit mat kan få systemet i balanse.
Men endringane kjem jo ikkje av seg sjølv. For eigen del var det ikkje å kutta ut braud og potet som gav resultat. Det var då eg skjøna at dette kunne vera nøkkelen til å ikkje bli svolten - og at eg difor kutta ut alle måltida som eg berre åt av vane eller sosiale omsyn. No et eg når eg er svolten (2 gongar for dag), eg regulerer svolten som kjem ein time eller to etter middagen med mosjon, kaffi, te eller ein bit blåmuggost. Og vekta går sakte ned (dei første 10 kiloa forsvann fort, dei neste ti seinare, og dei siste tid har eg brukt lengst tid på).
Altså: Lågkarbo er nøkkelen til å få kontroll over eige livsstil og kosthald. Men på ein eller annan måte må ein bruka dette unike middelet til å bryta dårlege mønster, og innarbeida nye. Resultata kjem ikkje heilt av seg sjølv.
|