Vis enkelt innlegg
Gammel 16-03-10, 15:02   #13
Furine
Supermoderator
 
Furine sin avatar
 
Medlem siden: Aug 2009
Hvor: Heime på berget, ved havet
Innlegg: 4.044
Furine er en virkelig god ressursFurine er en virkelig god ressursFurine er en virkelig god ressursFurine er en virkelig god ressursFurine er en virkelig god ressursFurine er en virkelig god ressursFurine er en virkelig god ressursFurine er en virkelig god ressursFurine er en virkelig god ressursFurine er en virkelig god ressursFurine er en virkelig god ressurs

Sv: Genial gjestemat

Raclette: Ein har ei elektrisk steikeplate midt på bordet (som kan vere av stein, eller teflonbelegg), som har plass til små steikepanner under seg, der ein kan steike til dømes grønsaker med ost på, og på plata steiker ein alt anna ein vil, gjerne då helst kjøtet/fisken. Ein sit rundt denne steikeplata, og steiker og ordnar medan ein sit ved bordet, veldig sosialt! Og så er det vanleg å ha alle ingrediensar (kjøt, fisk, grønsaker, salatar, sausar etc) i små bollar/fat, slik at folk kan forsyne seg av det dei vil, og steike det dei vil sjølve.
Her som eg bur kallar vi det generelt "gourmet", moglegvis fordi kjøtet gjerne er oppdelt i mindre, meir delikate stykker, slik at ein kan smake på fleire sortar før ein blir mett, ei gourmet-oppleving
Raclette-ordet forbinder eg med å ha ost i pannene under plata, det er det ikkje alltid vi gjer, nemlig.

Furine er avlogget   Min kostholdsfilosofi: LCHF Svar med sitat