|
Sv: The return of romertopf
Römertopf er genialt! Eg vaks opp med ein slik i hus, og den var MYKJE i bruk. Trur den var nokså innsteikt til slutt. Kan ikkje hugse at den har vore lagt i vatnen siste åra i alle fall. Botnen fins enno, men trur topploket sprakk delvis for nokre år sidan. Eg fekk tak i ein ny til mamma her nede, ein Classic. Trur den framleis er ganske mykje i bruk. Har ikkje kjøpt slik sjølv enno, men ein dag!
Det fins dessutan ein slags "steike-stol" for kylling frå samme produsent! Heldt på å le meg i hel på butikken år eg såg den. Du stikk altså heile kyllingen ned på denne standen, og så sit kyllingen så fint på denne i omnen. Chicko Chicken Roaster
|