|
Sv: Januar-startere. Er det mange av oss der ute?
Hei hei! Eg starta og i januar - 5. januar. Kjekt å ha fleire å "prate" med som er i samme situasjon.
Eg gjekk ned 4,2 kg. første veka, så trudde eg vel at eg kunne eta litt forskjellig av det som står i oppskrifter her inne, og gjekk litt opp igjen. Men i dag viste vekta -5 kg. Eg er fremdeles på ei vekt som eg har hatt i svært lang tid, og trur liksom ikkje heilt på vektnedgangen før eg går forbi dette. Har variert mellom 116 og 120 i mange år, så når eg bikker under 116, då er det liksom på "ekte". Ein får ein del sånne forestillingar, det sitte i psyken. Men ellers er eg svært fornøgd. Er sjelden irritabel og svolten, det er bra.
Får 2 kg rockering i posten i dag, sånn som er ruglete inni. Er det andre som har erfaring med det? Ellers skal eg begynne å gå tur igjen. Var flink før, men no har eg hatt mange late måneder...
Lykke til alle sammen! Gleder meg til ein slankere versjon av meg sjølv utover våren og sommaren!!
__________________

Det løsner, smått om senn!
|