Det er nok litt av den gamle psyken som henger igjen, trur eg. Før når eg har gått på Grete Roede har eg hatt ein skikkelig sorgprosess ang all maten som blei forbudt. Var jo svolten konstant og tenkte på Bamsemums frå mandag til lørdag når eg endeleg kunne eta 11 stk. Så på an igjen med abstinens i 4 dagar, og så nedtelling til neste lørdag... HALLLO!!!! No føler eg meg mett og tilfreds, og har egentlig ikkje særlig lyst på "ulovlig" mat, men likevel så seier psyken at eg skal kose meg litt på lørdagen. Må nok jobbe med at eg koser meg jo til fulle med all den gode maten eg lagar som er lavkarbo, og at eg ikkje har behov for annen mat som kos / trøst / tidsfordriv... Det sitte i hodet. Dessverre.