Uff, dette høyrtes ikkje kjekt ut . Skjønar godt at det er vanskeleg å fokusera på å eta riktig i ei sånn tid. Det verste du kan gjera no er kanskje å byrja å stressa med maten. La heller ting skli litt ut (då meiner eg ikkje nødvendigvis at det er ok å leve på sjokolade og godteri heile dagen, men at du ikkje treng vera så streng med deg sjølv) for ein periode. Kanskje du treng å fokusera litt meir på andre ting akkurat no, så kan du henta deg inn på matfronten når du kjem litt meir ovanpå . Eg kjenner iallefall at det å fokusera så mykje på mat og det å eta riktig er veldig energikrevjande. Hadde ikkje hatt overskudd til det samtidig som eg skulle takla mange personlege problem. Det kan jo ha litt med at eg er heilt fersk i "gamet", og må bruka veldig mykje tid på å settja meg inn i ting, og bli van med ein ny livsstil. Lukke til vidare! Uansett korleis det går er det viktig å ikkje kjefta på deg sjølv, sjølv om du sklir litt ut. Det drep all motivasjon, iallefall hjå meg .