|
Sv: Skrekkfilm-anbefalninger!
Ja dubbing er noko skit! Arroganse og latskap, rett og slett. Ser av det her i landet, flamsk side har original tale og nederlandsk tekst både på tv og kino (på kino dobbelteksting med nederlandsk og fransk), den franske delen av landet dubbar masse. Æsj!
Eg trur forresten det har litt med settingen å gjere, om ein blir skremd eller ikkje av filmar. The Shining, Kubrick-versjon, såg eg som 15-åring, i lag med 5-6 veninner i same alder, og vi skremde kvarandre opp gjennom heile filmen.
Som tidlegare nevnt, eg er skikkeleg pysete med skumle filmar. Eg trur det kan ha med at eg såg ein eller annan film som skremde livskiten av meg som 10-åring, eller rundt den tida. Einaste eg hugsar no var at det var romvesen eller romskip eller noko som hadde slått ned i eit fjell/ved eit fjell bak eit hus, og at mora til ein eller annan unge var infestert av desse aliena, ho hadde noko greier bak i nakken og var fullstendig "hjernevaska" av dei. Ingen ide om kva filmen heiter..
|