|
Sv: Hvilken effekt har du hatt av lavkarbo kombinert med metformin?
Eg også brukar Metformin (Metformax 850 x2 per dag) + Yasmin (1 ein medisin til). Eg har omtrent samme plagene som du, med nedsatt både ein og det andre.
Har tatt metformin sidan 2002 på hausten ein gong. Kan ikkje seie at eg merka noko på "vanleg" mat med den i alle fall. Har ete litt fedon ilag med metformin, og det funka bra, eg gjekk ein del ned i vekt, men det kan like gjerne ha vore fordi eg åt tabletten FØR mat om morgonen og kasta opp som ein tulling nesten kvar dag eit halvår. Var kvalm konstant - kvar morgon. Anbefalast IKKJE. Når eg så oppdaga at det måtte etast MED mat, så gjekk det så mykje betre. Eg les av prinsipp ikkje papira som fylgjer med tablettane, kanskje ikkje så lurt?? 
Lavkarbo har eg berre heldt på med sidan midten av mai, og har tatt metformin med det. Eg veit ikkje kor mykje eg har bruk for det eigentleg, når eg et lavkarbo. Må innrømme eg ikkje har så veldig god greie på det. Eg trur eg må ha meg ein prat med endokrinologen min neste gong eg ser han og høyre med han. Eg veit at om eg ikkje et nok, og tek metformin for fort, så dumpar eg, og føler meg kvalm, ekkel, har null matlyst og samtidig svolten, og VEIT eg bør ete, men vil ikkje. Ikkje vidare gøy. Har skjedd eit par gongar siste tida. Så eg har moglegvis ikkje vor flink nok til å ta morgontabletten, fordi eg langt inne i underbevisstheita mi kjenner på at eg kanskje blir dårleg?
No er eg berre på "generel lavkarbo" og ikkje noko ketose, så eg kan ikkje seie korleis det blir.
Reductil kjenner eg veldig lite til. For eit år sidan snakka endokrinologen om det, men eg ville ikkje. Eg er sta, eg vil gjere det sjølv! Har høyrt det gir blant anna dårleg smak i munnen... Ikkje så gira på det. Blir spennande å høyre kva hjelp du får av det, Photo!
Eg veit at eg berre må la det få ta den tida det treng, å komme meg ned i vekt. Stressar eg med vekta, så går eg berre opp, og det er ikkje mykje vits. Men eg skal prøve å følge litt betre med ang. metforminen, sjå om eg merkar noko.
Håper du får hjelp av det, Photo! 
|