|
Sv: Oktoberskravletråden til 30+
Vaskeklut, veit kva du meiner, har eit halvt kjøkkenskap fullt av te. Åh, spennande, DEN må vi kjøpe! Det går uansett mest i grøn te frå Pickwick for min del. Men Celestial seasonings sin Sleepytime tea er glimrande for kveldste! Anbefalast!
Travel dag på jobb, i dag. Men det nærmar seg helg, så klagar ikkje! Har ete sikori rulla i kokt skinke, med kvit saus over laga av fløte og jbkm (og masse muskat!) og deretter gratinert med ost i omnen til middag, veldig typisk belgisk rett, og kjempegodt! Fattar enda ikkje heilt korleis folk kan ete sikori rått, i salat... Altfor bittert for min del. Kan like gjerne ete løvetann då.
Har dessverre kræsja litt i kveld, opna ein pakke katjant pedis peanøtter... Var så fysen på noko salt og sterkt.. Men kunne vore verre!
Blir forresten ganske seine middagar her også, rundt 8 på kvelden, sidan vi først er heime i 6-tida her i huset. Seinare om vi må handle inn til middag. Slik er det ein gong i dette landet, om ein pendlar.
Nydeleg haustver her, kaldt, men kjempefint med sol og nesten skyfritt!
|