Vis enkelt innlegg
Gammel 14-10-09, 20:00   #198
Furine
Supermoderator
 
Furine sin avatar
 
Medlem siden: Aug 2009
Hvor: Heime på berget, ved havet
Innlegg: 4.044
Furine er en virkelig god ressursFurine er en virkelig god ressursFurine er en virkelig god ressursFurine er en virkelig god ressursFurine er en virkelig god ressursFurine er en virkelig god ressursFurine er en virkelig god ressursFurine er en virkelig god ressursFurine er en virkelig god ressursFurine er en virkelig god ressursFurine er en virkelig god ressurs

Sv: Oktoberskravletråden til 30+

Tja, det kunne gått verre matmessig i går! Eg snirkla meg gjennom dagen, men enda opp med å ete nokre ting eg ikkje burde, fordi der ikkje heilt var alternativ, og eg ikkje orka å gå svolten i timesvis. Denne plassen vi var på hadde eigen patissier-kokk, og søren heller, dei hadde FANTASTISKE greier, blant anna minicroissantar med mørk sjokolade (eg åt ein), og makronar, creme brulee, sjokoladeganache, bær med pikekyss, og alt i små, lekre porsjonar... Eg åt litt creme brulee og litt bær, men det vart faktisk for søtt! Kanskje like greit? Dei hadde forresten ei vanvittig god villsvingryte til lunsj, med ovnsbakt sikori og tyttebær til, mmm! Så det var ikkje så gale

Vegedag i går ja, hadde gått ned 200 gram sidan sist veke. Lite, men greit. Går i alle fall ikkje oppover.

Har kjøpt meg ny jeans i dag, sikkert eit halvt år sidan sist, sist var nok før eg byrja med lavkarbo. Kjempedigg å komme seg inn i ein storleik mindre enn sist! Hadde egentlig tenkt å vente med å kjøpe kle, men i dag var freistinga for stor. Lei av gamle, slitne jeans!

I dag er det forresten heimelaga kjøtpudding med stua svartrot til middag. Trur ikkje svartrot er så mykje brukt i Norge, men det er veldig mykje brukt her i Belgia. Har funne ein versjon på boks med 4 karbar per 100g, så dei gir eg meg sjølv lov til å ete. Ein kan kjøpe dei ferske også, men det er ganske mykje arbeid med dei, så det blir på boks i dag. Surrar dei med litt smør, salt, pepar og godt med muskat! NAM!!


Sist redigert av Furine : 14-10-09 kl 20:29. Årsak: Endra bør til BÆR ;)
Furine er avlogget   Min kostholdsfilosofi: LCHF Svar med sitat