|
Sv: Fiberhusk mm. (Hvor fåes kjøpt?)
http://www.evitamin.se/3/product_p558897.jpg Slik ser den ut den fiberhusken eg fekk tak i på Mega. Men pass på å kjøpe 300gr, for den er billegare (totalt sett) enn 100gr pakken.
Eg har også leita meg grøn etter glutenmjøl, men finn det ikkje. Alle eg har spurt trur eg meinar glutenfritt. Eine personen eg spurte greidde faktisk å svare meg når eg poengterte at det var MED gluten, at det faktisk var viktigare at dei hadde mjøl som dei stakkars glutenallergikarane kutte ete... Jauda.. Men det hjalp ikkje akkkurat meg!
Eg fann forresten noko bindemiddel på ei biosjappe her, som eg no ikkje hugsar namnet på, men var så fornøgd, at eg hadde funne noko anna enn JBKM, som batt, og når eg kom heim fann eg ut på pakken at det bestod av nærare 100% JBKM! Men det var ikkje Nestargel. Uansett, funkar bra.
|