|
Sv: Vafler med JBKM
Eg har prøvd opptil fleire gongar no, dei smakar kjempegodt, men dei ser ikkje ut! Dei blir ganske paddeflate, flortynne (vi snakkar om kniplingtynne her!), ein må ha berre ei lita skei i vaffeljernet, elles flyt det ut over alle vidder, og det blir ein smule rotete... Veit ikkje heilt kva eg gjer feil.
Korleis greier de å få dei tjukke og luftige? Kanskje eg skal prøve å køyre cottage cheese og egg ihop med stavmiksaren, kanskje det funkar betre enn rømme og egg.
|