|
Sv: 30+ kg, en liten gruppe?
Kitt skriv om jernvilje, kjempeinnsats, standhaftig, motivert osv. Det er feil å tru at det er dette stort vekttap handlar om. Eg har sjølv gått ned 30 kg på 5 mnd ved å følgje opplegget til Lindberg. Eg måtte gjere dette pga helsa. Fastlegen min trur enno det handlar om vilje og motivasjon. Eg prøver å få han til å forstå at det faktisk handlar om kunnskap. Kunnskap om kva fett, proteiner og karbo faktisk gjer med kroppen, metabolismen og hormonbalansen. Et fisk, kjøtt, nøtter, friske grønsaker og skaldyr - så mykje du orkar; Drikk rødvin, ligg unna øl. Ligg unna brød, kaker, ris, pasta, poteter og du vil i løpet av nokre mnd havne under 25 i BMI.
Sjå på vektnedgangen som eit spørsmål om å tileigne deg kunnskap, ikkje tenk at du treng jernvilje (det er det nesten ingen som har, likevel). Les bøkene til Lindberg, Atkins, Lutz osv. og tenk på kva konsekvensar bodskapen konkret skal ha for deg. Kostar pengar å kjøpe; men lån på biblioteket - eller stjel dei - men skaff deg kunnskap om lavglykemisk/lavkarbokosthald..
Lykke til. Dette går bra! 
|