|
Frå kaloritelling til lavkarbo! Hjelp!
Hei! Eg er ei jente på 22 år som har telt kaloriar i over eit år no, absolutt alt eg har mumsa i meg i 400 dagar er dokumentert og skreve ned, kvart einaste lille gram (har stort sett brukt eit dataprogram). No er eg som dykk sikkert forstår KJEMPELEI!!! Eg er ikkje overvektig, men eg vil no klare å halde vekta utan å slite meg heilt ut, og helst gå ned 3-4 kg max og så bli der. Eg er veldig lav, 157 cm og veger 49-50 kg, og eg har eit relativt lite (og lett) skjelett, så kvart gram eg legger på meg setter seg på kroppen. Eg ser absolutt ikkje tynn ut sjølvom eg veger relativt lite. Eg må verkeleg jobbe for ikkje å legge på meg! Kaloritellinga går på psyken (og helsa) laus, og er no klar for ein ny livsstil. (Eg kan ikkje hugse sist eg spiste nøtter, sjokolade, kremfløte, avocado, olje/smør og l.) Alt har handla om å få maten magrast mogleg. Olje har eg aldri brukt, har berre brukt vatn i panna, kesam istadenfor smør i kaker osv. Savner god mat! Eg er hobbybakar og hobbykokk, og gler meg til å sette i gang
No har eg som dykk forstår litt vanskelig med å bytte ut kaloritelling med karbotelling...
Eg er 22 år, 157 cm, 49-50 kg, mitt dagsbehov er ca. 1500 kcal.
Det eg lurer på:
1. Bør eg følge ei bestemt retning/filosofi, eller berre generelt lavkarbo? Kor mange gram bør eg isåfall halde meg til? Eg har forstått at eg som ikkje skal gå ned så mange kg ikkje bør gå i ketolyse! (Eg er livredd for Atkins og andre litt meir ekstreme filosifiar, etter å ha lest om folk som har dødd av det osv.)
2. Korleis kjem kroppen min til å venne seg til ei slik omvending? Kroppen min har omtrent ikkje fått i seg smør/olje på eit år++, og har fått i seg lite kaloriar. Korleis kan eg vere sikker på at eg ikkje legg på meg når eg plutseleg får i meg MANGE kaloriar, når kroppen er vant med 1000-1600 kcal dagleg) Altså igjen, korleis veit eg kor mange gram karbo totalt eg kan få i meg for at eg ikkje skal legge på meg?
3. Går det an å i enkelttilfeller kombinere lavkarbo og lavkalori? Altså, viss eg i nokon situasjonar får eit forklaringsproblem når eg ikkje kan ete brød eller anna høgkarbomat hos mamma eller i selskap, kan eg då den eine dagen heller ete kalorifattig mat, for så å gå over igjen på lavkarbo dagen etter, eller bør eg berre ete så lite karbo som mogleg når eg "må", og så heller fortsette som vanleg med lavkarbo og mykje fett og håpe det går bra med ein liten utskeielse? (Kjem då isåfall til å overstige gransa.)
4. Kan ein ete ubegrensa med kaloriar så lenge karbohydratane ikkje overstiger grensa? Har utruleg vanskeleg med å tru det, siden det fins så mykje mat som har null gram i seg. (Så i teorien, viss eg et mange kilo med kjøtt, olje, ost osv, så vil eg ikkje legge på meg sjølvom kaloriane tilseier la oss sei 10 000?)
Tar imot alle svar og erfaringar med STOR TAKK! 
Med vennleg helsing (eks?-) kaloritellaren
__________________
Mikroen
Sist redigert av Mikro : 07-07-09 kl 12:03.
|