|
Sv: Muskelstimulator/bailine
Eg har gått på Bailine i 1 1/2 år. Det første halve året gjekk eg ned 10 kg med lavkarbokosthold og mista 100 cm på kroppen (det er jo faktisk 1 meter av meg sjølv- var godt fornøgd då).
Men det siste året har eg ikkje vore så flink med kostholdet, og har ikkje gått ned meir (har heller ikkje gått opp)- og derfor heller ikkje minska i cm...
No er dei verste ferieutskeielsene over, og eg skal vere strengere med maten og begynner på Bailine igjen om ei veke eller to tenker eg. Har nettopp kjøpt 20 nye timer, betalte 3200 for dette og fekk i tillegg 5 ekstra gratis timer. Om eg ikkje merker resultater etter desse timene så tar eg meg ikkje råd til å gå der meir... men viss eg blir flinkere med maten og går ned i vekt, så burde eg gå inn i cm også. Spennende..
|