Vis enkelt innlegg
Gammel 27-06-08, 15:01   #1
Polly
Juniormedlem
 
Medlem siden: Jun 2008
Alder: 45
Innlegg: 21
Polly er på en erverdig vei

Korleis sette i gang?

Eg er heilt ny her inne, og har ikkje sett i gong sånn på ordentlig med lav-karbo. Eg har diabetes type 1 (bruker insulin), og har erfart frå tidlegare at lav-karbo er veldig gunstig for blodsukkerverdiane. Fram til no har eg berre lest varedeklarasjonar når eg handlar, og velgt det som er minst KH i (visst det står mellom fleire typar spaghetti fks). Men eg har aldri vore så streng, og følgt noko fast opplegg. Eg har også nokre kilo eg vil bli kvitt etter svangerskapet for snart 3 år sia. Eg er 158 cm og 62 kg. Før eg vart gravid var eg 53 kg. Skulle ønske eg kunne komme tilbake til denne vekta. Kor lang tid er det realistisk å tenke seg at dette vil ta? Eg har sett for meg Lindberg/Atkins kanskje. Kva går Ketolyse ut på? Lurer på om det kanskje ikkje er så bra med tanke på diabetesen? Vel, uansett, trur denne sida kan hjelpe meg å sette i gang og ein fin kilde til å hente informasjon og støtte frå.

Polly er avlogget   Min kostholdsfilosofi: Lav-karbo Svar med sitat