|
Gjev snart opp ...
Er det ikkje slik at trening skal vera med på at vekta kryp nedover? No har eg same vekt som eg hadde til jul, og ingenting skjer... dei dagane eg trenar går eg heller OPP enn ned, noko som er skikkelig demotiverande... Dei dagane eg sit slapp som ein sokk i sofaen, ja då går eg litt ned, men dette kjem jo på att med ein gong eg løftar ein fing...
Eg har veldig god kjennskap til lavkarbo/ketolyse no etter eitt og eit halvt år på "saken" så eg trur ikkje eg et for lite eller for mykje...
MEN kanskje eg skal droppa den sukkerfrie sjokoladen eg tek ei rute av i ny og ne? Det skal vel ikkje ha så mykje å sei...??
Iallefal, eg treng tips! No vil eg gjerne nå 60kg, etter snart to år på "slankaren"! Dei siste 6 kiloa sit som SPIKRA!!!!
*fortvila*
|