|
Sv: Trilles glade lavkarboliv
Ei ny veke er over. Eg har "offisiell" veiedag om fredagen, men snikveier meg nokre ganger gjennom veka også. Vekta viste 400g meir i dag enn i går, men likevel "offisielt" ned ca 500g denne veka, så eg er fornøyd
Eg har målt meg denne gangen og ser at også cm minkar. Det er godt å ha cm å sjå på når kiloane stoppar opp. Sånn på snitt så betyr ein kg ned, også ein cm mindre rundt livet hos meg.
Men, ang livvidden så er ikkje den tilbake der den var før graviditeten, sjølv om eg no veg (litt) mindre Eg har store planar om å begynna med styrketrening, enten heime eller på senter, men det har så langt blitt med tanken. Eg trur eg lar styrketrening blir forbedringspotensial for neste veke Får starta med trening heime, og så over på treningssenteret på jobb etterkvart. Eg er forresten ganske flink å gå på trilletur, og er ute minst 1 t kvar dag.
Er forresten snart ved første delmål og har då lova meg sjølv ein time med ansiktspleie. Gledar meg til det og håpar eg når det før påske.
OPPSUMMERT: - Begynne med styrke- og magetrening neste veke
__________________
-27 kg siden aug 2009
|